Min favorittfilm:
Eigentleg har eg ikkje ein spesiell favorittfilm, men den filmen eg kom på var «The last song», som er ein utruleg koseleg film som handlar om Ronnie ( Miley Cyrus) ein opprørsk tennåring som er til faren sin for sommaren. Her blir ho møtt av mange nye opplevingar , både gode og dårlege; ho blir forelska i ein gut, og blir betre kjend med faren sin som ho har hatt eit vanskeleg forhold til.

Mot slutten av filmen får vi vite at faren til Ronnie er sjuk og skal dø, Ronnie og broren blir knust, og alle kjærleikskonfliktane til Ronnie blir uviktige. Filmen ender med at Faren døyr, her er spenningstoppen i filmen, alle er triste og det er ikkje noko meir å gjøre for faren hennes.


Grunnen til at dette er ein av mine favorittfilma er at den er så enkel, den handle om kor viktig det er å ta vare på kvarandre. Alle har sine eigne problem, men det viktigaste er å ta vare på kvarandre og det enkle i kvardagen.
